fredag 27. desember 2013

Akupunktur - endeleg inn i varmen

Studier ved fleire universiteter, blant anna University of York i England og University of Rochester Medical Center i USA har no vitenskapeleg dokumentert at akupunktur har reell virkning og effekt, blant anna i behandling av smerte.

Stadig kan ein høyra nytt angåande "alternativ medisin"; om (alvorleg) sjuke menneske som etter behandling med akupunktur, homeopati eller andre "alternative" behandlingsformer, har fått betre livskvalitet eller blitt heilt friske. Fram til vår tid har da å bli frisk av slik behandling av mange blitt sett på som placebo-effekt, fordi fleirtalet av forskarar innan da etablerte og konvensjonelle forskingsmiljøet ikkje har forstått korleis akupunktur eller homeopati verkar, og dermed avvist at da kan ha virkning. Desse har fått støtte av legar og andre tilhøyrarar av den farmasøytiske industri sin forestillingsverden, og som i mange tilfeller meir enn å hjelpa folk er interessert i å bevara sin eigen profesjons einerådande maktposisjon innan helse.

I staden for å vera undrande og forsøkja å finna ut korleis ting fungerar, har forskarar og andre valgt å avvisa da ein ikkje forstår og kalla da juks og fanteri. Eg spør; Er da den vise eller den dumme som avviser da han sjølv ikkje evner å forstå og kallar da ukjente for "ikkje verkeleg"? Dette er jo same haldningar som menneska ein gong i tida hadde då dei var overbevist om at Jorda var flat og midtpunktet i universet, - eller haldningar som meinte at Columbus ville segla utanfor Jorda sin ende viss han verkeleg turte å segla vestover havet. Men hadde dei rett? Nei. Kor tid skal me menneske læra å vera opne og audmjuke for da ukjente og nye som me ikkje forstår?
Sjølv har eg alltid trudd at da å vera forskar er å bevega seg inn i da ukjenta og finna ut korleis ting heng saman, - ikkje å lukka augene og kun halda seg til da som er trygt og kjent.

Ein annan vesentleg grunn til at da har teke lang tid å forstå korleis blant anna akupunktur verkar, er at dei fleste forskarar er betalt av og/eller økonomisk avhengig av den farmasøytiske industri. Om ein vil sjå sanninga i augene, eller lukka augene, så er følgjande eit faktum; Den farmasøytiske industrien skal tjena pengar. Mykje pengar.
Løysinga på da er:
1) Å vera einerådande i markedet på medisin og behandling.
2) Sørge for at flest muleg folk som blir sjuke, forblir sjuke, og lever mange år (gjerne resten av livet) avhengige av medisiner frå farmasøytisk industri. Ein del av dette er å skapa biverknadar av medisin slik at folk blir avhengig av stadig fleire medisiner, - dei blir aldri friske.
Slikt blir da pengar av.
Når denne industrien er den som fram til no har styrt og kontrollert da aller meste av forsking, er da ikkje rart at "alternativ medisin" ikkje har blitt forska på - den som hjelper kroppen til sjølv å bli frisk utan bruk av kjemisk framstilt medisin. Tvert imot har "alternativ medisin" blitt tidd ihjel, latterliggjort, bevisst gitt ut feilinformasjon om og gjennom påstått "dokumentert forsking" vist nulleffekt, - for å villeda folk til ikkje å bruke anna enn farmasøytisk industri sine produkter. Alt for å hindra at folk blir friske!

Da er skrive mange bøker om korleis denne industrien har gått fram og ført folk bak lyset, - og framleis gjere da. Noreg er eit eksempel på eit land som framleis held fast i gamle forestillingar rundt "alternativ medisin og behandling", og trua på den farmasøytiske industri er framleis sterk her i landet. I andre land, blant anna våre næraste; Danmark, Tyskland, England, Sverige, Sveits, USA, innser ein no i stadig større grad at "alternativ medisin" ikkje er alternativ, men del av eit heilhetleg helse- og behandlingstilbod. Likavel; I Noreg held statlege organer sin propaganda gåande, blant anna NRK og Statens helseråd, men òg Folkehelseinstituttet og andre. Desse framstiller seg sjølv som "dei som veit" og kan "opplyse" folket om kva type medisinsk behandling som har dokumentert effekt og ikkje. Realiteten er at desse instansane går den farmasøytiske industrien sitt ærend, gir direkte feilinformasjon og fører da norske folket bak lyset. Gud hjelpe personane i desse statlege organa, når da ein gong går opp for dei kva dei har gjort, og all den lidelse og smerte dei har påført folk som trudde på dei!
Nokre av dei veit allereie idag at dei fører folk bak lyset. Høyrde eg nokon snakka om riksrett? I allefall burde da få konsekvenser, da desse enkeltpersonane i maktposisjonar gjere mot heile det norske folket.

I seinare tid har nokre utanlandske universiteter med stor nok eigekapital til at dei er uavhengige av farmasøytisk industri, forska på "alternativ" medisin og behandling på nøytralt grunnlag. Desse forskarane har heile universiteter i ryggen og risikerar dermed ikkje å miste jobben sin, eller bli drapstrua, viss dei kjem fram til noko den farmasøytiske industri ikkje vil at folk skal få vita. Dei har i staden fått frihet og midlar og ressursar til å gjennomføra grundige vitenskapelege studier på blant anna akupunktur. Og da har frambrakt gode nyheter!

For eksempel har forsking utført ved både University of York i England og University of Rochester Medical Center i USA (sistnevnte rangert som eit av verdas fremste og beste universitet) nyleg vist at akupunktur har stor effekt i behandling av ulike sjukdomar. Ved bruk av blant anna hjernescanning har forskarar kartlagt kva som skjer i kroppen ved akupunkturbehandling, og dokumentert at ulike nålestikk fører til aktivitet i ulike områder i hjernen som kontrollerer dei organa i kroppen som akupunktørane setter nåler for å behandla for sjukdom. Desse vitenskapeleg dokumenterte resultata gjer at forskarar no slår fast at akupunktur har stor effekt blant anna i smertebehandling, og dette opnar no opp for brei aksept for akupunktur. Blant anna har det ført til at retningslinjer for praktiserande legar i England er blitt endra til òg å omfatta akupunktur i behandling.

Dette gir håp for framtida, òg for oss fjellaper her heima på bjerget.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar