På julabesøk hos mine foreldre på Stord stoppar eg opp og ser meg omkring. Kva har skjedd? Store naturområder har blitt rasert: trèr hogge ned, fjell sprengt og grunnen jamna flat. Alt gjort i framsteget og utviklinga sitt namn. Eg tenkjer; kva i alle dagar held me menneske på med? Respekt har vel den kvite menneskerasen aldri vist dyr og natur i særleg grad, men no tar da heilt av.
Tett inntil min barndomsheim låg da inntil nyleg ein skog med store trèr og ein bekk rennande forbi. Her vaks eg opp. Men denne skogen har lidd same skjebne som så mange andre skogholt. Han måtte gje tapt for framsteget. For utviklinga. Skogen min, kor eg kunne høyra vinden suse i trea, kor fuglane song og laga reir i far min sine mange fuglakassar, kor blåbærlyng og ormegras vaks, kor eg kunne kjenna lukta av jord, bark, blomar, furunåler på bakken, maurtuer. Trea eg klatra opp i og der kunne sitja og lytta innover i lang tid. Alt er borte no. Skogen kor eg lærte at alt som finnes har liv, ikkje berre på ein mekanisk måte som me lærte i biologotimen på skulen, men at kvar einaste plante, insekt, fugl, dyr, - kvart enkelt individ har bevissthet.
"Da er eit liv da òg" sa mine foreldre, og lærte meg at alt liv har ein verdi i seg sjølv, og krav på respekt.
Skogen min; da var her eg fyrste gongen opplevde kva det vil seia å kjenna seg i eitt med naturen. No er alle trea blitt hogge, grunnen sprengt ned fleire meter (for å få plass til ekstra mange leiligheter i fleire boligblokker - pengar, pengar, pengar), bekken blei lagt i røyr. Suset frå trea er borte, fuglasongen òg. Bruset frå bekken har stilna.
Ein massakre har skjedd og alt har blitt stille.
Hos mine foreldre bler eg igjennom ei bygdabok, ser bilete av ulike gamle hus og gardstun, som er eller har vore. Mens eg blar legg eg merke til èin ting; Så og seia alle husa på gardane hadde store trèr like i nærleiken av seg. Sameleis skog; den ville naturen er like i nærleiken av alle hus og gardar. Husa blir små ved sida av trea og skogen, - da ser harmonisk og fredeleg ut.
Ser ein på dagens husbygging, har husa lite trèr rundt seg, naturen er fjern. Store ragar husa der, tett i tett, åleina, utan skog eller store planter rundt seg. Husa breiar seg ut på små tomter og eliminerer bort alt anna liv. For ein fattigdom!
Eine bestemora mi budde ein liten times gåtur frå oss
langt inne i ein annan skog. Ho er faren no, men då eg var barn gjekk eg, bror min og far våres ofta tur for å besøkja henne i helgane, og sjølv om da var grusveg fram og me kunne hatt sykla, gjekk me som oftast heller gjennom skogen på smale og til tider usynlege stiar, heile året. Me opplevde skogen og livet der på ulike årstider, da var alltid noko nytt å erfara. Av og til gjekk eg åleina. På desse turane såg eg kor vakker naturen er! Alle planter, fuglar og dyr - dei er så vakre! Da er ein skjønnhet i naturen som kun kan opplevast, og kor ord ikkje finnes. Naturen lærte meg mykje om fugle- og dyreliv, men òg om Gud, om da å vera menneske og vår eigentlige plass i naturen.
Men heile denne skogen er òg hogge ned no. Eigedomsinvestorane har sørga for da, dei ynskjer som sagt framsteg og utvikling - og å fylle lommeboka si. Mest det siste. Respekt for naturen er totalt fråverande. Grådigheten rår (skulle tru dei får noko med seg når dei døyr?). Men så lenge samfunnet vil ha da slik, kva kan ein gjera?
Der da eingong var nydelege, vakre og stille naturområder, er alle trèr no vekke, grunnen sprengt vekk og jamna flat. Og hus, store hus, er komen til. Hus folk ikkje har tid til anna enn å sova i, fordi dei må jobba for å finansiera husa sine. Eller dei er ute av heimen oppteken i anna aktivitet, kanskje på treningsstudio eller kurs, drive av indre uro som gjer at dei heile tida må gjera på noko. Kanskje uroa kjem av fattigdomen dei lever i ved manglande kontakt med naturen?
Som barn var eg oppteken av dei nordamerikanske indianerane. Deira forståelse og respekt for naturen var i samsvar med da eg sjølv erfarte. Deira viten, innsikt og visdom var hinsides da dei kvite hadde å fara med. Indianerane levde i harmoni med naturen; trèr og planter, dyr, fuglar og fisk var deira brødre og søstre. Dei hadde eit rikt åndeleg liv som var ein del av dagleglivet, bygd på ein forståelse av at alle skapningar er likeverdige. Men kva hjelpte da å ha ein djup åndeleg forståelse og respektfull haldning for alt liv, då dei kvite europearane hadde dei sterkaste våpena? Dei fleste av oss kjenner korleis den historien enda; den er berre nok et eksempel på korleis uforstand utrydder visdom, korleis den dumme med sin totalitære haldning tar livet av den vise.
Slik frustrasjonen tok indianerane etterkvart som dei kvite hogg ned skogen, drepte dyr og utsletta grunnlaget for alt liv, slik har òg eg kjent frustrasjon over haldninga ein har her i Noreg til natur, dyre-, fugle- og fiskeliv. Haldningar og handlingar her i landet viser at ein har ein lang veg å gå før ein kjem i nærleiken av å kunna framstå med respekt og visdom i måten ein behandlar natur og alt liv på.
Når da gjeld bygging av nye bustadar kan da sjå ut som eigedomsinvestorar, - og kommunen sine folk som tillet eigedomsinvestorane fritt å ture fram slik dei vil,- at desse folka ikkje kjenner naturen. Dei framstår som avstumpa menneske med manglande evne til innlevelse med alt liv. Da er som dei ikkje forstår at dei har med noko levande å gjera. Dei hevar seg høgt over naturen og dermed kan dei berre utrydda alt anna levande. Artsrasisme kalles dette. Og da er svært utbreidd i vårt samfunn og den verda me lever i.
Indianerane snakka om at når alle dei store dyra er borte frå Jorda, vil menneska kjenne seg einsame. Og at når alle fuglar på himmelen er borte, dyra på jorda er borte, fisken i havet er borte, - då begynner overlevelsens tid. Trur me er der no. For dyra på landjorda er borte. Dei store gamle trea er borte. Fuglane er borte. Fisk i hav, vatn, elvar og bekkar er borte.
Ser me på klimaendringane så er Noreg ein klimaversting; me hentar opp og brukar store mengder fossilt brennstoff som øydelegg planeten vår, og sel da òg til andre land som brukar og forureinar i store mengder. Likavel kallar me oss ein miljønasjon.
Humler og bier forsvinner i stor hastighet frå vår planet - dei som sørger for befrukting og formeiring hos planter slik at me har noko å leva av. Likefullt sprayar folk hageblomane sine med gift kvar sommar, gift som skal drepa lus, men som òg drep humler og bier. Fleire fugle-, fiske-, dyre- og planteartar forsvinn dagleg ifrå vår planet, -og har gjort da i mange tiår allereie.
I Noreg har me i lang tid drive ein rovdyrpolitikk som nærast har utrydda dei tre store dyreartane som naturleg høyrer heima i landet vårt, bjørn, ulv og jerv. Me legg press på svenske myndigheter for at dei skal drepe disse rovdyra på sitt område, for da hender da kjem streifdyr frå Sverige til Noreg. Begrunnelsen for denne forfølgelsen er hensynet til husdyrnæringa. Me dreiv kvalfangst til da nesten ikkje var fleire kvalar igjen og da internasjonale samfunnet måtte boikotte oss for å få oss til å slutta. Me fortsatte med kvalfangst og kalla da "forskningsfangst".
Kjøtproduksjon kalles da, når dyr stues saman tett i tett på altfor små områder, fòres med genmanipulert soya- og maisprodukter og sprøytes fulle med vaksiner og medisiner slik at dei held seg i live lenge nok til at dei kan slaktast. Undersøkingar viser at dei aller fleste av disse oppdrettsdyra er sjuke når dei blir slakta og seld som mat til deg og meg. Antibiotikabruken er formidabel og skapar resistente farlege bakteriar. Men da statlege mattilsynet lukkar augene, - av hensyn til næringa.
Jordbær produsert i Norge er noko av da mest giftige du kan eta (utanom oppdrettsfisk), - men reagerer du med allergisk reaksjon snakkar ein om at du ikkje tåler jordbæra, giftstoffa dei er fylt med nevner ingen. Når da gjeld oppdrettsfisk veit me at da pr idag blir brukt store mengder giftstoff i fòret, men endå verre; Statlege mattilsynet har nylig uttrykt seg positivt til ei tidobling av plantegift til bruk i laksefòr...... "fordi det vil ha stor økonomisk betydning for oppdrettsnæringen"....Som følge av ulevlege forhold i fiskemerane døyr idag heile 25% av all oppdrettsfisk før den blir klar til slakt, dei resterande 75% er sjuke men blir holdt i live med medisiner og antibiotika til dei kan slaktast og bli mat til deg og meg. I fiskefòret brukes òg kadmium, eit svært farleg tungmetall som lagres i kroppen, i nyrer og lever, og kan blant anna gje beinskjørhet og kreft. Et du oppdrettsfisk eller fisk/krabbe som er fiska innan1 km nær oppdrettsanlegg, får du i deg rikeleg mengder helsefarlege stoffer.
Ikkje berre behandlar me dyr som produksjonsmidler, mishandlar dei og tvingar dei til å vekse opp under ulevelege og sjukdomsframkallande forhold, men me fyller aktivt kroppane deira med genmanipulert mat, plantegift, tungmetaller og/eller medisiner - før me eter dei. Kor dum går det an å bli? Hadde da kome individer fra andre planetar og sett kva me menneske held på med, må dei tenkja at større lavmål skal ein leita lenge etter. Antakeleg finnes da ikkje makan i heile universet. Ser me ikkje at da me gjer mot dyr og natur gjer me òg mot oss sjølv? Kvifor tillet me oss å behandla dyr og natur på denne måten?
Hitler og nasjonalsosialismen heva seg over jødar og andre folkslag og meinte dei var dyr som kunne utryddast. Med andre ord; kan eit menneske definerast som dyr kan da drepast og utslettast. Ein heil del folk har tatt avstand frå dette i ettertid, og vore forferda over at nokre menneske kan definerast som dyr. Færre har reaget på den endå djupare rasismen som ligg under den nasjonalsosialistiske haldninga; nemleg at dyr utfrå menneske sitt behov og tankar om nytteverdi kan mishandlast, toturerast og drepast. Artsrasismen ligg difor endå djupare i oss og er mykje meir omfattande og fanatisk enn rasisme som gjeld menneskerasar imellom. Er den kanskje òg meir tabu å snakka om?
Kanskje artsrasismen kjem av mangel på åndelege verdiar? Mangel på respekt for alt liv, for Moder Jord? Mangel på ydmykhet? Mangel på innlevelse og likeverd for andre artar enn vår eigen menneskeart?
Nokre land (bl.a. USA) har innført Dyrepoliti som eit steg i retning av å verna om dyr og dyrevelferd. Da viser seg etter ei tid at i desse landa går valdelege handlingar mot menneske ned, noko som tyder på at viss ein hindrar/straffeforfølger folk som er valdelege mot dyr, verkar dette preventivt på framtidige valdelege handlingar mot menneske. Ved å innføra dyrepoliti bidrar ein dermed til å skapa eit betre samfunn både for menneske og dyr. I Noreg har forslag om å innføra dyrepoliti blitt avvist som ikkje aktuelt.
Inntil vidare ser da ut til at dei fleste menneske lukkar augene for artsrasismen. Er da for ubehageleg å snakka om? Eller kjem da av mangel på kunnskap? Eller er da rett og slett mangel på kontakt med dyr? Eller er årsaka mangel på djupe sjelelege erfaringar med naturen og da guddommelege som gjennomsyrer alt liv? Kanskje vår artsrasisme bygger på ein virkelighetsforståelse som utestenger den åndelege dimensjonen og da guddommelege i alt liv? Når forståinga av kva eit menneske er, og dyr er, blir redusert til kjøt og mekanisk-kjemiske prosessar, forsvinn mykje empati og djupe sjelfulle møter, og kanskje òg respekten for alt liv?
Mangel på åndelege verdiar i eit samfunn kjem av mangel på åndeleg liv. Me veit at Noreg er da landet kor da offentlege (les:staten) har den aller mest religionsfiendtlege haldninga av alle vestlege land - me liknar mest på eit kommunistisk/totalitært land. I mange år har dei politisk raude arbeida systematisk for å bekjempa alt åndeleg liv gjennom latterliggjering, sjukeliggjering, diskriminering, tie ihjel, og bruk av andre hersketeknikkar. I sitt hat og kamp mot kristendomen har dei helt ut (jesus)barnet med badevannet. Utfasing av åndeleg liv har skjedd på alle område i vårt samfunn; i barnehage, skule, kyrkja, helse- og sosialomsorga, på arbeidsplassar, i organisasjonsliv. Alt dette har gjort oss fattige "i ånden"og gitt oss eit kaldt samfunn kor menneske, dyr, fuglar, fisk og planter har vansker med å leva og trivast. Da åndelege livet har blitt erstatta av materialisme og eit ekstremt fokus på likhet og enhet som begrensar og utslettar all mangfold samt enkeltindividet sin fridom til personleg og åndeleg utvikling.
"I fravær av det hellige - er ingenting hellig - alt kan kjøpes og selges" sa en indianer. Og slik har vårt samfunn blitt. Ingenting er hellig, alt guddommeleg kan krenkast, dyr og natur kan kjøpast og seljast som varer utan anna verdi enn pengeverdi.
Har me har nådd bunnen no? Held me på å vakna? Eller fortsetter me som før og går inn i ein endå større åndeleg fattigdom, som kanskje berre ein naturkatastrofe av dimensjonar kan føre oss ut av igjen?
Sitat av indianeren Ulvesang:
"Vi er ikke de uovervinnelige, allvitende skapningene som bor på toppen av evolusjonens fjelltind, vi er i stedet medlemmer av livets hellige syklus, sammen med trær og steiner, præriehunder og ørner, og fisker og padder, slik at alle kan fullføre den hensikt de er skapt med."
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar