søndag 8. januar 2012

Folk ved fjorden

Eg har vore på kino og sett den norske dokumentaren "Folk ved fjorden". Da var ei GOD oppleving.
I filmen møter me Magnhild og mor hennar Maria, som driv garden på tradisjonelt vis. Og me møter Ole som òg driv sin gard slik dei gjorde før i tida.
Hovudpersonane og deira kvardagsliv blir skildra både realistisk og med varme, og da er tydeleg at han som har laga filmen har eit godt og nært tillitsforhold til dei han filmer. Utover i filmen kjenner eg at eg blir glad i dei eg òg, og i livet dei lever.

Kjærleiken og omtanken dei viser for dyra og for sine medmenneske, er godt å sjå. Likeså balansen mellom å vera audmjuk og å vera den ein er, - verken meir eller mindre. Dette rører ved hjarta mitt. Eg tek meg òg i å minnast folk eg vaks opp med; dei på filmen er jo akkurat lik dei eg sjølv eingong kjende!
Litt minner filmen meg om andre internasjonale filmar eg har sett, både dokumentarar og andre, kor ein skildrar kvardagslivet til mennesker som gjerne lever annleis enn da som vanleg er idag.

Livet som vert skildra og dokumentert er eit liv som snart ikkje lenger er å finna i Noreg, da døyr ut litt etter litt. Ein moderne livsstil kor materielle verdiar er nærast einerådande, utryddar da enkla livet kor ein lever tett på natur og dyr og kor dei indre verdiane er viktigare enn ytre stas.
Eg tek meg i å tenkja; kor er eg på veg?
Kva liv vil eg ha? Kunne eg ha levd slik dei lever på filmen?
Kanskje. Kanskje ikkje. Ho Magnhild ser ut til å trivast slik ho har det, men ho er ikkje åleina, ho og mora bur saman. Men Ole snakkar på ein måte som gjer at me skjønar han er einsam. Eg trur ikkje eg kunne ha levd so einsamt, men eg trur absolutt eg kunne ha trivdes ute på landet igjen.
Kanskje eg ville hatt litt av begge livsstilane. Kanskje da å leva og arbeida på ein gard kunne fungert viss me var fleire (vaksne) om da? Ikkje å stå åleina med alt? Vore sopass med folk at me alle kunne tatt del i arbeid og gårdsliv, - både på gården og kanskje òg ha ein liten jobb ved sida av? Alle hjelper til og tar sin del av arbeidet på garden, men og hatt tid til å lesa, læra, reisa bort på ein tur når ein kunne ha lyst til da, ta del i kulturliv, idrettsliv og foreningsliv viss ein ynskte da. Vera fleire om arbeidet på gården for at alle skal kunna ha fridom til å utvikla fleire sider av seg. Og samtidig få leva nær natur og dyr.
Eg ser at dei tankane eg her skisserer minner om øko-landsbyar og lignande, kor òg da å driva miljøvenleg blir vektlagd ved at ein gjer bruk av alternativ energi og anna.
Problemet med slike byar er ofte at mykje aktivitet foregår oppi hovudet, istaden for å få ting gjort i kvardagen. Og ein skal vera så snill med dyra at alle blir vegetarianarar. Og då mister ein mykje av da som me ser så herleg skildra på filmen, nemlig da realistiske kvardagslivet.
Kanskje ikkje alle vil lesa, læra noko nytt, reisa verda rundt, delta i allslags arrangementer og foreningar, - kanskje nokon synes da hadde vore heilt fint berre å vera på garden og arbeida med da som kreves der? Og ikkje gjort så mykje anna? Ha tid nok og ikkje kava rundt for å rekka over alt mogleg i frykt for å gå glipp av noko?

Eg trur mange som har vent seg til eit travelt liv i det moderne samfunnet ville fått abstinenser ved å bu og arbeida på ein gard, - likefullt kjenner eg ein slags fred og ro koma når filmen ruller over lerretet, og eg får vera tett på Magnhild, mora hennar Maria, og Ole. Da er noko trygt og godt over livet dei lever. Å få ein gløtt inn i dette livet gjer at eg kjenner meg meir levande. Filmen rører ved noko djupt inni meg. Eg takkar mannen bak filmen, Øyvind Sandberg i Øy-Film, for at han SER, - og har laga denne dokumentaren. TAKK!

Alle: SJÅ FILMEN!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar