søndag 16. februar 2014

Homeopatisk Kreftklinikk

Sveits har eit anna type demokrati enn Noreg. I Noreg høyrer myndigheitene på den farmasøytiske industri. I Sveits høyrer myndigheitene på folket.

Gjennom ei folkeavstemming fekk folket i Sveits bestemma om dei ynskte eit utvida helsetilbod kor alternativ medisin og behandling skulle vera ein del av det offentlege helsetilbodet. Til da svarte den sveitsiske befolkninga eit rungande ”JA!”, og sånn blei da.
Slik har da seg at einskildindividet i Sveits no har fått eit mangfald av ulike behandlingstilbod å velgja imellom, kor kvar enkelt sjølv i stor grad bestemmer kva behandling som skal brukast for å bli frisk. Ein snakkar i liten grad om ”alternativ behandling”, men ser i staden alt som behandling, likeverdig og likestilt med einannan. På individuelt grunnlag får folket via offentleg sjukeforsikring dekka utgifter til behandlingar dei sjølv måtte velgja.
Kvar enkeltmenneske i Sveits har dermed fått stor fridom til sjølv å bestemma over eige liv – og sjukdom.

Haldninga til sveitsiske myndigheter er difor annleis enn i Noreg, kor staten og profesjonane er dei som (trur dei) veit kva som er best for kvar enkelt av oss. Vil ein her i landet som einskildindivid prøva ei behandling som skulemedisinen/ den farmasøytiske industri ikkje tilbyr og heller ikkje ynskjer konkurranse ifrå, eller som enkelte profesjonar føler sin maktposisjon og monopol trua av, - så lyttar staten heller til industrien og profesjonane framfor å gje kvar enkelt av oss moglegheit til å bli friske ved å kunne velgja utanfor da som enno kalles konvensjonell behandling. Myndigheitene her i landet ser lite til dei erfaringar blant anna Sveits og andre land har på dette. Dei stiller òg lite spørsmålstegn ved usanningar og løgner som svært ofte blir sagt om ”alternativ behandling” og sluker tilsynelatande rått såkalla ”dokumenterte vitenskapelege bevis” som i realiteten er fabrikert dokumentasjon betalt av farmasøytisk industri, med hensikt å sverta all behandling som dei sjølve ikkje kan tena pengar på. Òg NRK (statleg kanal) er med på å befeste denne haldninga gjennom blant anna programmet ”Folkeopplysningen”. Da er verkeleg grunn til å stilla spørsmålstegn ved kor den kritiske og gravande pressa her i landet er blitt av, men da er ei heilt anna sak som eg ikkje skal gå inn på no. 

Kun dei som sjølv har nok pengar til å kunne betala ”alternativ behandling” kan her i landet få anledning til å bli friske når da offentlege helsetilbodet ikkje verkar. Resten av folket må nøya seg med da snevre tilbodet som er, og får ein ikkje hjelp av da må ein leva med sine smerter og lidingar kanskje resten av livet. Ein blir fortalt at ”all behandling er prøvd, ingenting meir å gjera”, sjølv om dette ikkje er sant når ein kun har prøvd nokre få typar behandling/medisin. At mange menneske må lide fordi nokre få profesjonar vil verne om sine interesser, status og monopol, og farmasøytisk industri vil tene pengar, er uhøyrt. Dette kostar einskildindividet helsa og livet, - og da kostar kvart år da norske samfunnet milliardar av kroner.

Da er rart at da manglande mangfaldet i da offentlege helsetilbodet ikkje er meir fokus på, når staten v/Nav pressar på for å få flest mogleg av sjuke menneske ut i jobb. Ein skulle tru da ville vera av stor interesse å gje folk tilbod om eit mangfald av ulike behandlingar slik at flest mogleg kan finna noko som gjer dei friske. Dette heng òg saman med å gje einskildindividet fridom til sjølv å kunne velgja behandling, i tillit til at den som har skoen på sjølv veit kor han trykkjer. Ved å gjera dette, vil truleg langt fleire folk bli friske og ein vil oppnå da som ei kvar regjering her i landet har ytra som sitt mål, nemleg å få sjuke folk ut i arbeid igjen.
Kva med å byrja med å høyra kva folket i Noreg ynskjer og treng av helsetilbod?

I demokratiske Sveits har ein som fylgje av si opne haldning blant anna fått Europa sin første og einaste homeopatiske kreftklinikk: Santa Croce-klinikken med tilhaldsstad i Tessin. Her arbeidar homeopatiske legar som òg er utdanna tradisjonelt innan skulemedisin, og dei behandlar kreft og andre alvorlege sjukdomar anten reint homøopatisk eller i kombinasjon med skulemedisin. I Noreg hadde desse blitt kalla kvakksalvarar, og kanskje til og med blitt motarbeida og forfulgt.

Eit eksempel frå Santa Croce-klinikken er ei kvinna som for mange år sidan fekk brystkreft. Ho fekk dengongen behandling på skulemedisinsk vis ved vanleg sjukhus, med operasjon og cellegift. 6 år etter den behandlinga hadde kreften spreidd seg og ho hadde fått 17 metastaser i lungene samt fleire mikrotumorer. Ho blei av skulemedisinske legar fortald at ho kunne bruka kva som helst av ”alternativ” medisin og behandling, men utan cellegift ville ho vera død innan eit år. Men kvinna ville ikkje utsetje seg for fleire cellegiftkurar og tok kontakt med Santa Croce-klinikken. Her fekk ho koma til etter kort tid, dei gjorde grundige undersøkjingar og ho fekk eit homeopatisk middel som medisin. Ho blei heilt frisk!!!
Å tenkja at ho blei frisk av ”sukkerpiller” eller ”placebo-effekt” eller ”trua på det” som jo er ei vanleg haldning frå skulemedisinarar og andre ekstreme kritikarar til homeopatisk medisin, er interessant i denne saka. Viss dèt skulle vera tilfelle må me i alle fall snarast råd er få homeopatiske klinikkar i Noreg, når behandlinga deira kan gje slike resultater, heilt utan bruk av rådyr kreftmedisin og utan å påføra pasientane varige skadar og biverknadar.

Du kan høyra kvinna og hennar homeopatiske lege fortelja (tysk) på YouTube: http://www.youtube.com/watch?v=No2thr1m3BM